Sundag 4. mars blir Heimfjelløpet arrangert for 44. gong. Det er Sjårdalen idrettslag og Vågå idrettslag som står som arrangør av turrennet.

I dei seinare år har cirka 40 løparar stilt til start i konkurranseklassa og 30 i trimklassa.

I fjor var det svært dårleg deltaking med berre 16 som gjekk på tid og fem i trimklassa.

Hege Bestum i skrigruppa i Vågå idrettslag seier at dei håpar fjoråret var eit unntak og at fleire stiller til start i år i både konkurranseklassa og trimklassa.

I håp om å auke rekrutteringa og nå breiare ut, ynskjer dei i år å supplere rennet med eit eige barneskirenn. Dette skirennet går ei eiga runde på cirka 700 meter ved Lemonsjøen fjellstue. Ein kan gå så mange runder ein vil, og det er utan tidtaking.

I konkurranseklassa går Helen Bjørklund i år for 25-årspokal. Inge Eide fekk pokal for 35 gonger i 2016.