Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Brage Mork. Han vart 5 år 25. januar, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

«Gratulerer med 5-årsdagen! Vi er kjempeglade i deg, fjosguten vår! Helsing frå bestemor og bestefar i Mo, onkel, Oddrun og Rønnaug».

Gratulerer med dagen som var seier vi i Fjuken òg.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.