Det er politiet i Innlandet som melder dette fredag ettermiddag.

Ein mann i 20-åra er pågripen og sikta etter ei valdshending i Skjåk. To familiemedlemar har vorte påført skade, men er i fylgje politiet ikkje livstrugande skadd.

– Dei blir tekne hand om av helsevesenet, opplyser politiet.

Den sikta mannen blir framstilt for helsevesenet. Politiet opplyser at dei føretek etterforsking på staden.