Det var 53 år gamle Gry Tone Vole frå Ringebu som omkom i MC-ulykka i Heidal laurdag ettermiddag. Ho etterlet seg sin trulova, tre barn og to barnebarn.

Dette opplyser politiet i ei pressemelding.

Pårørande er orientert om frigjevinga av namnet, og dei opplyser at dei ynskjer ro i tida som kjem.

Det var ved 13.30-tida laurdag at politiet fekk melding om at ein motorsykkel hadde køyrd av vegen på fylkesveg 257 i Heidal. Alle naudetatar inkludert luftambulansen rykka ut til staden.