Vågå kommune opplyser onsdag ettermiddag at det er avdekt ei urein prøve i drikkevatnet frå Vågåmo vassverk. På bakgrunn av dette er det iverksett ekstra kloring.

Abonnentar som er direkte råka har motteke kokevarsel på tekstmelding.

– Har du ikkje motteke kokevarsel, kan vatnet nyttast som normalt, opplyser Vågå kommune.

Det er teke nye prøver av vatnet onsdag, som er sendt til analyse. Svar på desse prøvene kjem fredag og ny oppdatering vil koma da.