Fjuken har blitt tipsa om at dei som har mobilabonnement frå Telia i Bøverdalen har vore utan dekning i over ei veke. Dei etterlyser informasjon om kva som skjer.

Ny antenne på veg

Informasjonssjef i Telia, Ellen Scheen, kan bekrefta til Fjuken at det er tung snø og is som rett og slett har knust antenna som står i Bøverdalen. Denne skal bytast, men leveringa av ny antenne har vorte forsinka grunna dårleg vér. Ny antenne er på veg frå Oslo, og Telia reknar med at den skal vera montert og drift i løpet av fyrstkomane tysdag. Scheen nyttar høvet til å orsaka så mykje til dei som er berørt av hendinga.

Dei som har moglegheiter for det i heimen, bør nytta seg av WifiTale, kan Scheen fortelja.

Meld i frå til kommunen

Lom kommune var i utgangspunktet ikkje klar over at det var utfall på mobildekninga i Bøverdalen, då kommunen nyttar seg av ein annan leverandør til sine kommunikasjonsløysingar. Kommunedirektør Elin Fjeldberg forsikrar om at beredskapen til Lom kommune ikkje er berørt av hendinga, men oppmodar innbyggjarar om å sei i frå til kommunen når slike hendingar oppstår.

– Sjølv om mobilabonnement er ei avtale mellom privatpersonar og ein leverandør, har det nytteverdi for kommunen å bli informert, avsluttar Fjeldberg.