Det er innført ekstraordinær bandtvang i heile Skjåk under 900 moh, på grunn av fleire kjøvingar.

Det opplyser Skjåk kommune.

Kjøvingane gjev vanskelege forhold for elg, hjort og rådyr om dei blir jaga av lause hundar.

– Ei forskrift om ekstraordinær bandtvang vart fastsett av Skjåk kommune 25. februar 2024. Forskrifta gjeld til og med 1. april, opplyser kommunen.

Bandtvangen gjeld for alle hundar, med fylgjande unntak:

  • Politi- og lavinehundar i teneste og under trening

  • Hundar i bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt

  • Dressert bufehund som blir brukt til å vakte bufe

  • Hund brukt under lovleg jakt og organiserte fuglehundprøvar

Frå og med 1. april er det ordinær bandtvang for hundar.