Onsdag like etter klokka 12 kunne nesten heile Vestlandet merke eit jordskjelv. I følge emsc skal skjelvet ha vore 3,3 på Richters skala, medan Norsar oppgir skjelvet til å ha ei styrke på 4,1.

Seismolog hjå Norsar, Bettina Goertz-Allmann, opplyser til NRK at skjelvet er estimert til styrke 4 og at kjerna for skjelvet skjedde 60 kilometer nordvest for Florø.

Anne Margrethe Tonning, som bur i Tonningsgata i Stryn sentrum, var ei av dei som kjende skjelvet godt.

– Eg sat i stova å såg på TV før det brått begynte å riste i heile huset og klirra i glasa. Vi er vande med tunge lastebilar som køyrer forbi her, men dette var mykje verre. Dette må vere eit jordskjelv, tenkte eg og noterte meg klokkeslettet som var 12.03. Eg trur det må vere mange som har merka dette, fortel Tonning til Fjordingen.

Etter at vi delte denne saka på Facebook har vi fått fleire meldingar om at skjelvet også vart merka godt i Skjåk.