Det opplyser regjeringa i ei pressemelding.

– Dette er ein merkedag. Vi støttar oppmodingane frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om at covid-19 ikkje lenger oppfyller smittevernlovas kriterium for å klassifiserast som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Dette er ei normalisering slik regjeringas strategi og beredskapsplan legg opp til, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Helsedirektoratet og FHI fastslår at klassifisering av covid-19 som ein allmennfarleg smittsam sjukdom ikkje lenger er nødvendig for smittevernet.

Departementet har samtidig vedteke å oppheve koronaforskrifta som vart vedteke 27. mars 2020. Forskrifta er endra cirka 300 gongar på to år.

Regjeringa opplyser at for pasientar inneber forskriftsendringa at dei på lik line som for andre luftvegsinfeksjonar må betale eigendel ved legekonsultasjon for covid-19, og at retten til gratis sjølvtestar og behandling fell bort.

Dermed er koronaviruset nå i same kategori som influensa og RS-virus.

Legemiddelet Paxlovid, som reduserer risikoen for alvorleg koronasjukdom hjå personar med høg risiko for å bli alvorleg sjuke, vil framleis vera tilgjengeleg gratis fram til 1. april 2025.