Frå laurdag 17. desember startar innkrevjing frå fire nye bomstasjonar i Gudbrandsdalen på den nye E6.

Det betyr at du frå denne datoen må passere heile 12 bomstasjonar på E6 mellom Sjoa og Oslo, inkludert Oslo-bomringen på Alnabru. Med personbil vil dette koste 283 kroner. Det vil si at ein tur til Oslo og attende vil føre til 24 bompasseringar og ha ein prislapp på 566 kroner utan rabattavtale.

Med AutoPass-brikke vil dei fire bomstasjonane på ny E6 i Gudbrandsdalen gjeva 20 prosent rabatt, og dei resterande anlegga 10 prosent rabatt.

For tunge bilar, over 3,5 tonn, vil ein tur frå Ottadalen til Oslo og attende koste til saman 1.198 kroner. Det er ikkje rabattordningar for tunge bilar.

Om ein «berre» skal til Lillehammer, vil dette også koste ein del kroner for deg som bilist. Dei fem bomstasjonane du må gjennom i Gudbrandsdalen vil koste 133 kroner kvar veg, altså blir det 266 kroner for ein Lillehammer-tur med personbil utan rabattavtale. Med AutoPass-brikke vil turen koste 217,60 kroner.

For tungtransporten vil ein Lillehammer-tur kome på 532 kroner.

I tillegg kjem utgifter til drivstoff ...