Laurdag 27. februar blir det to konsertar med «Dovresange» i Ottadalen. Ettermiddagskonsert på Lom folkebibliotek og kveldskonsert i storstova på Gammel-Kleppe.

Dovringen Bjørn Sigurd Glorvigen har saman med Bjørn Kåre Odde (fele) og Ådne Svalastog (trøorgel) nyst kome med plata «Dovresange». Den tek føre seg folkesongar ifrå Dovre, ein tradisjon som er lite kjend, men som inneheld vakre songar.

På dei to konsertane i Ottadalen får ein høyre alt frå skillingsviser, salmar og balladar til bånsullar og springleikar i gode arrangement for trøorgel, song og fele.

Glorvigen, Odde og Svalastog er alle tre røynde folkemusikarar.

Bjørn Sigurd Glorvigen har lenge jobba med den vokale folkemusikktradisjonen i Gudbrandsdalen. Utanom soloprosjektet sitt er han mellom anna med i gruppa TRI, som tonesett dikt av diktarar frå Gudbrandsdalen.

Bjørn Kåre Odde er felespelemann ifrå Lom. Han spelar fast i gruppene Lendmenn og Majorstuen. I 2014 var han «spelemannen på taket» på Det Norske Teateret si oppsetting og han har vore solist med Kringkastningsorkesteret og Det Norske Solistkor.

Ådne Svalastog jobbar til dagleg som organist i Voksen kyrkje i Oslo ved sidan av å frilanse som pianist og organist.