Publikum fekk oppleve mykje på ein og same gong; god musikk og god underhaldning, ein skikkeleg trimtur, mykje frisk luft og triveleg sosialt samvær.

– Dette har vi godt av! pusta fleire godt vaksne publikummarar om lag midt i programmet. Da hadde dei opplevd felespel, toraderspel, dei hadde møtt Kaptein Sabeltann og hans mannskap, fleire strenge troll og mykje meir.

Siste post på vandringa var formgjevingselevane si utstilling inne på Dønfoss grendahus.

Det var god oppslutning om vandreframsyninga. Foto: VIGDIS KROKEN