Torsdag gjennomførte politiet i Ottadalen kontroll på riksveg 15 i Vikedalom i Lom. Dei stod med laser for å måle fart og kikkert for å sjekke bruk av bilbelte og mobiltelefon.

Politiet skreiv ut fire førelegg for høg fart. Høgste fart i 60-sona var 85 kilometer i timen.

Og det var nummeret før sjåføren mista førarkortet. Grensa for beslag går på 86. Sjåføren fekk behalde førarkortet, men må punge ut med 6.500 kroner til statskassa for å ha vore for hard på gassen.

Farten på dei tre andre låg mellom 70 og 75 kilometer i timen.

I løpet av 2,5 - 3 timar vart det kontrollert 48 bilar.

– Når det er sagt, vart det mykje pen køyring, seier politibetjent Jon Håvard Strypet. Han fortel at alle brukte bilbelte og ingen prata i mobiltelefon under køyring.