Torsdag denne veka kjem svaret. Da får du vite om du får att på skatten, eller om du er skyldig og må betale restskatt. Rett etter midnatt 31. mars kan du logge deg inn på Skatteetaten og sjå sjølvmeldinga di for inntektsåret 2015 elektronisk.

Same dagen som sjølvmeldinga blir tilgjengeleg elektronisk, startar Skatteetaten utsendinga av sjølvmeldinga på papir til skatteytarane som ikkje har tinga elektronisk tilgang. Det er altså berre dei som har registrert seg som såkalla e-brukar hjå Skatteetaten, som vil kunne sjå sjølvmeldinga si torsdag. E-brukarar vil ikkje få tilsendt sjølvmeldinga på papir.

Dersom opplysningane i sjølvmeldinga du får er rette, treng du ikkje levere den. Da går resten av seg sjølv. Men dersom du har endringar eller tillegg i sjølvmeldinga er fristen for å gjere dette og levere den 30. april.

Har du pengar til gode, er det verd å merke seg at fyrste pulje med skatteoppgjer kjem 22. juni. Deretter blir det løpande utbetalingar fram til 12. oktober. Er du lønsmottakar eller pensjonist og leverer sjølvmeldinga på papir, får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i august.

Skatteetaten sine nettsider finn du alt du treng å vite om endring og levering, og anna praktisk hjelp i samband med sjølvmeldinga.