463 køyrety av ulikt slag deltek i årets Flåklypa. Det er rekord!

Starten gjekk føre seg frå Nordal camping i Lom. Trass i regn og iskald vind, hadde det møtt opp mykje publikum. Imponerande mange hadde i tillegg stilt seg opp etter løypa for å vinke og heie på dei ulike farkostane.

Veterankøyretya skal innom fem postar i Lom og Skjåk i løpet av dagen: Flåklypa, Tofta/gamle Vollungsbru, Nordberg skule, Dønfoss og Lundamo. Målgangen er der deltakarane starta, på Nordal camping.

Les meir og sjå fleire bilete i papiravisa.

Video frå veteranbilfesten ved det vestlegaste punktet ved Dønfoss (Bruvoll S-marked) i Skjåk.

Lomværen Raymond Kristiansen med sin flotte Chevrolet Impala frå 1959. Foto: VIGDIS KROKEN