14. mai er det 100 år sidan diktaren Tor Jonsson vart fødd. Jubileet blir markert med blant anna verket «Tor Jonsson- 100 år med kjærleik og død», som skal urframførast 21. mai i Lom. I høve jubileet blir det også gjeve ut CD.

Hildegunn Hovde frå Vågå og Aslak Opsahl Brimi frå Lom har fått i oppdrag frå Tor Jonsson-jubileet å lage ny musikk til Jonsson-tekster. Verket består av 15 tonesette dikt av Lomsdiktaren. Verket er skreve for vokal, fele, akkordeon, harpe, gitar, bass og slagverk.

Komponistane Brimi og Hovde har allereie markert seg som utøvarar og låtskrivarar. Dei har lang erfaring med å tonesetja dikt av lokale diktarar som Knut Hamsun, Olav Aukrust, Jan Magnus Bruheim, og dei har vist stor interesse og engasjement for å hente fram lyrikk ved hjelp av musikk.

– Vi er audmjuke i arbeidet med Tor Jonsson sine tekster, dette er ein nasjonalskatt, seier Hovde og Brimi.

Hildegunn Hovde og Aslak Brimi er også produsentar av plata som kjem i samband med urframføringa den 21.mai. Med på plata er Aasmund Nordstoga - songar frå Vinje i Telemark.

– Den mørke og mjuke stemma til Aasmund passer perfekt inn det i lydbiletet vi ynskjer å skape, seier dei to komponistane.

I tillegg til Brimi og Hovde sjølve, deltek Stein Magne Eggen frå Lom - musikar utdanna innan folkemusikk på Norges musikkhøgskole med akkordeon som hovudinstrument, og Trond Bersu - perkusjonist og trommeslager frå Skjåk som er internasjonalt profilert utøvar gjennom bandet Highasakite.

I tillegg til desse er gitaristen Gudmund Bolstad Skjær med, opphavleg frå Dovre, og bassisten Aksel Jensen.