Fredag 8. mai vil det norske flagget vaie i vinden over heile Noregs land. Da blir frigjeringsdagen markert. Slik også i Ottadalen.

I Vågå blir det nedlegging av krans ved krigsminnesmerket ved kyrkjebolken. Her blir det også musikk ved musikkforeininga.

I Lom inviterer Lom heimbygdslag og Lom kommune til ope møte på Fossberg hotell.

Tema er «Og tida etter. Korleis var det? Kva hugsar vi?».

I Skjåk blir dagen markert med nedlegging av krans ved bautaen over falne i Skjåk under krigen ved Nordberg kyrkje. Her blir det song med barnekoret «Karusellgruppa» frå Skjåk kulturskule og musikk ved Lom og Skjåk brass.

Etterpå er det Fredskonsert i Nordberg kyrkje.

Laurdag er det utstilling og konsert i Skjåk prestegard. Her har Skjåk historielag ei utstilling med gjenstandar og bilete frå under krigen. Utstillinga er også open sundag.