Selskapet Beno Holdning som er eigd av Olav Bergnord har kjøpt Vågåtunet for 4,6 millionar kroner.

Saman med brørne Daniel og Henrik Gangsø satsar Bergnord på ein sportsbutikk i lokala etter G-Sport og Sparebank 1 Lom og Skjåk. Dei to lokala skal slåast saman til eitt stort butikklokale på rundt 400 kvadratmeter.

– Målet er å opne sportsbutikken før jul, seier Bergnord.

Den nye sportsbutikken skal vere fullsortiment, med lokal tilpassing.