Det er initiativtakar til Håndverk+ og interiørstylist Kirsten Visdal som seier dette.

Den utflytta vågåjenta frå inst i Skårvangen, vil nå lage ein møteplass i heimbygda der designarar og handverkarar skal lyfte tradisjonsrikt handverk inn i framtida. Håndverk+ blir arrangert for fyrste gong i dagane 7. - 10. juni.

Å vøle ting

– Håndverk+ har som mål å skape kunnskap om og interesse for vår rike handverksarv slik at gamle teknikkar og metodar blir med vidare inn i framtida. Det vil bety nye næringsvegar, fleire arbeidsplassar og spennande produkt, sier Kirsten Visdal.

Ho seier at handverk før i tida hadde ein nytteverdi, men også brukt til rein utsmykking.

– Det var høg kvalitet på det som vart laga og ein del har gått i arv i generasjonar, seier ho.

Velstandsauke har ført til at mange varer og tenester vart kjøpt. Kirsten Visdal trur dette er i ferd med å endre seg.

– Vi ser ein motreaksjon kor folk ser glede i å skape noko med hendene. Ikkje minst ynskjer vi ting som både er berekraftige og har ei varigheit, seier Kirsten Visdal.

Ho fortel at det å «bøte hosso» i dag er populært som aldri før.

– Å «vøle» (reparere) ting var naturleg før. Dei eldre delte kunnskapen dei hadde. Vi er langt komen i vår velstand når vi byrjar å vøle ting, seier Visdal.

Utstillingar

På Skultbakken skal det vere utstilling av gamle og nye krakkar.

– Krakk er eit lite møbel som mange har minne om. Kvar krakk hadde si historie. Krakkene har overlevd, seier Visdal.

Designar Sverre Uhnger har gjort si tolking av krakken som blir lansert fredag 8. juni.

I Ullinsvin skal Kirsten Visdal setje saman ei utstilling av gamle gjenstandar.

– Eg har reist rundt på bygda og lånt ting for å setje saman med nyare design, seier ho.

Vågå husflidslag skal ha kofteutstilling. Randi Skogum fortel at dei har fått inn rundt 50 kofter og at to av dei er over hundre år gamle.

Husflidslaget skal også ha «stikk-innom-kurs» der unge og vaksne kan prøve seg på ulike teknikkar.

– Det startar festivalprega. Målet er å få næring ut av det, seier Kirsten Visdal om Håndverk+.

Kirsten Visdal er glad for å arrangere Håndverk+ i heimbygda. Tora Sandbu som er prosjektleiar for Ullinsvin kunst-, kultur- og kompetansesenter, er glad for engasjementet til den utflytta vågåjenta. Foto: Arve Danielsen