– Dette var den dårlegaste vegstrekninga i Ottadalen. Vegen hadde eingong ikkje gul midtstripe, sa prosjektleiar Rolf Klemetrud i Statens vegvesen under ei enkel markering sist fredag.
Utbetring av riksveg 15 ved Snerle har aldri nådd fram i Nasjonal transportplan, men hausten 2014 var situasjonen den at Statens vegvesen fann midlar til å få til utbetring av vegen.
Vinteren 2015 vart arbeidet med reguleringsplan og byggjeplan sett i gang. Reguleringsplanen vart godkjent av Vågå kommune i februar 2016, og entreprisen vart lyst ut i april 2016. Det var Stian Brenden maskinservice AS som fekk arbeidet. Fyrste gravemaskinen sette skuffa i jorda i august 2016.
Ombygging av vegen var ferdig til ferien nå i sommar.
– Alt har gått etter planen, sa Henning Garmo, byggjeleiar i Statens vegvesen.Han kunne opplyse at kostnaden for heile prosjektet kom på 36,5 millionar kroner.
Riksvegen er utbetra på sterkninga frå Rudilykkja til rasteplassen vest for Solheimsvingen, ei strekning på 2,3 kilometer. Den breie nyvegen har også fått gulstripe.
Ordførar Iselin Jonassen sa at Vågå kommune har arbeidd lenge for å få utbetra denne strekninga. – Eg vil takke Statens vegvesen som har utbetra dette punktet på riksveg 15, grunneigarar som har samarbeid konstruktivt for å få på plass ei utbetring. Dette er eit steg i rett retning for at riksvegen kan bli ein veg for framtida med auka trafikk og krav til framkommelighet på ein mest mogleg sikker måte, sa Jonassen.
Ingeniør Simen Kleiven i Vågå kommune sa at kommunen har auka fokus på trafikktrygleik og arbeider for å bli godkjent som trafikksikker kommune.
Ordførar Jonassen sa at riksveg 15 er ein viktig veg for næringslivet, med mykje tungtransport som nyttar denne vegen. Ho viste til at Transport økonomisk institutt har laga ein rapport der ein ser på kva betydning vegen har for næringslivet. – Dette er stuttast veg til Osloregionen for næringane i Eiksund og Kvivsregionen. Det er klart at vi med denne rapporten ser klart positive ringverknader ved å få ei utbetring av riksveg 15, der tunnelene på Strynefjellet blir utbetra, sa Jonassen.