– Det er med stor glede vi nå får æren av å besøke Vågå kulturhus og Gudbrandsdalen med vårt nye Veneziaprogram, skriv Norsk Barokkorkester i ei pressemelding.
Torsdag kveld denne veka er det duka for ein konsert av dei store innan klassisk musikk når Norsk Barokkorkester gjestar kulturhuset.
Norsk Barokkorkester vart etablert i 1988 som eitt av dei fyrste frittståande tidlegmusikkensembla i Skandinavia.
Orkesteret har konsertar på eit høgt europeisk nivå, og går i bresjen for tidlegmusikk på historiske instrument i Noreg.
Dei siste åra har barokkorkseteret hatt eit samarbeid med Operaen i Oslo, og har nå ein fast konsertserie på Operaens Scene 2.
Norsk Barokkorkester har under konserten i Vågå med seg to av verdas leiande barokkmusikarar - søskenparet Gottfried og Kristin von der Goltz.
Gottfried von der Goltz som spelar barokkfiolin var kunstnerisk leiar av orkesteret frå 2007 - 2015.
Kristin von der Goltz som spelar barokkcello er i dag kunstnerisk leiar av Norsk Barokkorkester.
I konserten i kulturhuset denne torsdagskvelden vil orkesteret framføre musikk av blant andre Monteverdi og Vivaldi.
Dagen etter konsert i Vågå, opnar Norsk Barokkorkester musikkfestivalen «Oslo Early» i hovudstaden.