Bane NOR kunne tidleg måndag morgon opplyse om at eit tog har spora av på Dovrebanen.

«Det er stengt mellom Oppdal og Berkåk pga. avsporing», heiter det i meldinga.

Avsporinga råka line F6 mellom Oslo og Trondheim.

Klokka 12 vart Dovrebanen opna att for togtrafikk mellom Oppdal og Berkåk.

– Trafikken går som normalt, opplyser Bane NOR.