– Eg opplever at trafikantane er flinke og ansvarlage i juletrafikken. Men eg ber dykk allikevel vera på vakt. Det er meldt skiftande vêr- og føre, spesielt over fjellet, og dette kan gjera turen krevjande. Auka trafikk på vegane gjev auka risiko. Vi ynsker at alle skal koma trygt fram til jul, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland. Ho har 5 råd til deg som skal fram og heim til jul:

Ikke stress!

Bruk passasjeren, så du kan halde merksemda på vegen.

– Å ikkje fylgje med er medverkande faktor i ein tredel av dei mest alvorlege trafikkulykkene, og nå før jul er det mykje som tek merksemda vår. Bruk medpassasjerar slik at du kan halde fokus der du skal – på vegen.

Hald deg oppdatert på trafikken

– Bruk Vegvesen.no/trafikk og SMS- tenestene før du køyrer.

Tenk deg om før du køyrer forbi!

Du sparar lite tid totalt på turen din, og kan utsetja deg og andre for fare.

Pakk trygt!

Både julegåver og passasjerar må sikrast godt i bilen.

Kjør ansvarleg!

Tilpass farten etter forholdene og kjør rusfritt.

Kvart år skjer det rundt 75 ulykker med personskader i juletrafikken. Av og til blir ulykka ei dødsulykke. Køyr pent og trygt heim til jul.

(Pressemelding)