– Det å vera mange ungdomar tett samla, festing, høgt alkoholinntak eller bruk av andre rusmidlar, deling av flaskar, glas og sigarettar, i tillegg til lite søvn, kan auke risikoen for smitte og alvorleg sjukdom både i Noreg og utlandet. Vaksinering i forkant av russefeiring, russeturar, festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleir og liknande kan vera aktuelt, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

I fylgje FHI er talet på tilfelle av meningokokksjukdom, også kjent som smittsam hjernehinnebetennelse, låg i Noreg, men ungdom i alderen 16–19 år har høgare risiko for smitte samanlikna med resten av befolkninga.

Oppmodinga frå FHI om vaksinering gjeld også yngre og eldre ungdomar som deltek i tilsvarande aktivitetar.

– Friske ungdomar har oftare meningokokkar i halsen enn andre. Svært få av desse ungdomane blir sjuke, men dei kan smitte andre. Sjukdomen utviklar seg ofte raskt, og rundt 10 prosent av dei som får sjukdomen døyr, opplyser FHI.

Dei siste ti åra har det årleg vore meld mellom eitt og fem tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i aldersgruppa 16–19 år.

Det er anbefalt at vaksinasjon blir utført i god tid før russefeiring eller annan tilsvarande aktivitet byrjar.

I utgangspunktet må både vaksine og vaksinasjon betalast av den enkelte sjølv, på lik line med andre vaksiner som ikkje blir gjeve tilbod om i barnevaksinasjonsprogrammet.

– Vaksinene er reseptpliktige, og kan setjast hjå fastlege, apotek, vaksinasjonsklinikk, eller via skulehelsetenesta i kommunar som tilbyr dette, opplyser FHI.