Ormelid. Det var ovanfor denne garden tragedien skjedde. Foto: Privat foto

Den syrgjelege hendinga i fjellet ved Ormelid

Den 3. februar var det 250 år sidan det vart nedsett sju kister på den gamle kyrkjegarden i Fortun. Dei som vart nedsett hadde late livet på veg over fjellet i frå Bøverdalen. Dei vart nedsett på kyrkjegarden sidan det var den kortaste vegen å få dei i vigsla jord. Hendinga skjedde truleg i området Lialøfti ovanfor Ormelid.