Bjarne Eiolf Holø har vore ordførar i 12 år. Nå ser han fram til rolegare dagar og er glad for å sleppe bekymringar både når det gjeld neste års budsjett og mykje anna. Foto: Vigdis Kroken

Bjarne Eiolf Holø om raudosten: – Håpet er at det skal bli fleire arbeidsplassar på ysteriet, ikkje færre

– Eg har trua. Håpet er at alt dette skal ende i noko som kan sikre ein langsiktig produksjon ved Tine Lom og Skjåk. Faktisk har eg håp om at vi ikkje skal misse arbeidsplassar, men heller få fleire. Kanskje tek eg feil, men eg trur ikkje det.