Farevarselet som Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut gjeld for fjellet i Sør-Noreg frå torsdag klokka 01 og fram til torsdag klokka 18.

Det er venta lokal snøfokk i fjellet på grunn av kraftig vind og snø.

MET opplyser at vêret kan føre til redusert sikt, lokalt vanskelege køyreforhold, og kolonnekøyring og stengde vegar på kort varsel.

– Berekn ekstra tid, fylg råd, og sjekk vegmeldingar, oppmodar MET.

Her finn du oppdaterte vegmeldingar for fjellovergangane