Onsdag ettermiddag måtte to personar bli henta ut av redningshelikopter frå Florø.

Dei sat fast i fjellsida ned mot Gjende frå Memuruhåmåren.

Dei var ikkje skada, men kom seg korkje opp eller ned. Dei var godt utstyrt.

Ein klatrar som hadde falt og skada seg i området Skagastølstind, måtte også få hjelp av helikopter. Denne personen vart henta ut av området klokka 18.30.