Ein eller annan gong under den lange valsendinga lova programleiarane ut ein eksklusiv premie til den som kunne svare på kva jakkemerke redaktøren hadde på seg under sendinga.

Det kom inn mange svar, og dei fleste hadde rett: Det var sjølvsagt merket til favorittklubben Stoke City.

Torstein Bjørgen vart trekt ut som vinnar av ein cap, eller snipphuve om du vil. Ein cap berre laga i 25 eksemplar. Truleg vil han ikkje bli laga i fleire - om ikkje etterspurnaden blir kolossal da...

– Dette var artigt, gliste Torstein da han endeleg fekk premien på hovudet. Eg og Hege, kjærasten, fylgde med på valsendinga på Fjuken-TV frå fyrste stund og heilt til de gjekk tomme for tomprat og skrudde av, skrattar han. Nei, det var skikkeleg bra, skryter Torstein. Tidlegare har eg liksom berre sett på Fjuken som noko som er der - surrande i bakgrunnen, men nå er de verkeleg på altså. Fjuken er i flytsonen. Det er verkeleg positivt, seier Torstein Bjørgen.