Her gjev vi deg ei oversikt over eit utval aktivitetar som ikkje kostar ei krone å gjenomføre. Vi tek atterhald om feil i oversikta, som altså er berre eit utval. Det finst også ei rekkje «betalingsaktivitetar» i alle kommunane i Ottadalen.

SKJÅK:

• Bading: Det er flotte badekulpar og fjellvatn overalt, mellom anna Bångråt- tjønn.

• Turstigar etter merka turkart, og ulike naturstigar.

• Fjellgeita: Turorientering for barnefa- miliar, med 10 ulike turar.

• Idrettsbana i Bismo: Friidrettsbane og fotballbane.

• Sommarope bibliotek i Bismo.

• Sykling: Ein kan utføre mange flotte sykkelturar på dei mange vegane i bygda.

• Skateparken i Bismo.

• Diskgolfbane på Moar.

• «Skjåkutstillinga» på Galleri Mathilde i Bismo: Utstilling av kunstnarar som har

tilknyting til Skjåk.

• Fisking: Det er gratis å fiske i 200 fiskevatn for barn i Skjåk.

• Sandvolleyballbane ved Dønfoss.

• Geocaching: Orientering med GPS. Det

er mange «cachar» i Skjåk.

• Naturstig: Uppnose elgfangstanlegg ved Dønfoss.

LOM:

• Fossheim Steinsenter: Utstilling, «gratistippen», vandring gjennom sentrum med meir.

• Diskgolf på eiga bane i Bøverdalen

• Sommarope bibliotek med bokkafé.

• Grilling i grillhytta på Skim, gjerne kombinert med fisking. Barn fiskar gratis.

• Ein køyretur over den nasjonale turist- vegen Sognefjellet, gjerne kombinert med ein sykkeltur innover Høydalen.

• Bading ved Liabrua eller Tesse.

• Norsk Fjellsenter (butikken og inn- gangspartiet er gratis, utstillinga er gratis for barn under 3 år).

• «Selfie-tur» til Kvilarsteinen og Lomseggen for ungar som er i god form, og ikkje har særleg høgdeskrekk.

• Tur til bygdemuseet Presthaugen for å sjå på friluftsbygningane, leike ved dammen, og gå Rådyrtrakket eller Bordvassvegen.

• Fugletårn ved Tesseosen.

• Den nye leikeplassen på Nordal turistsenter.

• Kulturstigen til Skutlan, med Kusletta som utkikkspunkt.

• Lom idrettslag sitt nye flotte treningsanlegg i Grov.

VÅGÅ:

• Dompe aktivitetspark i sentrum: Ball- bane, leikeutstyr, diskgolf og gapahuk.

• Hulderstigen i Sjodalen: Kultur- og na- turstig i fin fjellskog, lett terreng som passerer elver og tjern.

• Munch-vandring: Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Total lengde 1,3 km. Ruta er godt merka, og byrjar i Vågå sentrum.

• Moajordet Aktivitetspark i Vågå sentrum: Her er det ulike leikeapparat, sand- volleyballbane og skate- og sykkelpark.

• Kalven Seter ved Lemonsjøen: Energikampaktivitetar for barn og unge.

• Kvennberget på Lalm: Merka stig i fint skogsterreng.

• Ulike merka ruter ut frå Vågå sentrum: Vanglandsrunda, Hølenrunda og andre.

• Sykling: Fleire merka ruter.

• Prestegardshagen i Ullinsvin: Restau- rert historisk hage.

• Fisking: Gratis fisking i Vågå for dei un- der 16 år.

• Jutulheimen Bygdamuseum

• Diskgolf, rulleski- og idrettsbane på Lalm.

• Bading i ulike fjellvatn/elvar i Finndalen, Jønndalen, Flatningen, Vågåvatnet med fleire.