Det var klokka 12.55 at politiet melde om utkøyringa som skjedde på riksveg 15, om lag ein kilometer aust for Lom sentrum.

Politiet melde fyrst at det var ein buss med skulebarn som hadde køyrt i grøfta. Det viser seg at det ikkje var skulebarn, men idrettslag på gjennomreise. Det melder politiet.

Det var ikkje meldt om personskader, men det var ein viss fare for at bussen kunne velte.

Naudetatar vart sendt til staden.

Klokka 13.30 melde politiet at bussen stod delvis på bikken inn mot grøfta. Ambulansepersonell såg til passasjerane inne i bussen.

Politiet opplyste vidare at brannvesenet måtte sikre bussen med vaier og stroppar før alle i bussen kunne bli evakuert ut.

Rett før klokka 14 melde Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen at vegen var stengt i båe retningar i samband med evakuering av personane som var om bord i bussen.

Klokka 14.05 kunne operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyse om at alle var ute av bussen og ivaretekne.

– Ingen skadd, opplyser politiet.

Trafikken blir dirigert forbi staden i påvente av bilberging.