– Det lokale politiet ringde meg i går. Eg skvatt litt og tenkte «kva har eg gjort nå?», ler Geir Marstein. Han fortel at han melde saka til politiet i juli 2010. Firehjulingen, ein MotoNordic 400 kubikk, stod parkert og låst under verandaen. Ein morgon var han rett og slett borte.

– Etter om lag seks månader fekk vi brev frå politiet om at saka var henlagt. Dei hadde ikkje funne ut av det. Derfor vart eg svært overraska nå, seks år etter, at politiet ikkje har gløymt saka. Tvert om har dei funne att firehjulingen og dessutan teke seg tida og bryet med å varsle oss. Etter det eg skjønar, vil dei òg syrgje for å få få frakta firehjulingen attende til Lia. Det er eg imponert over, seier Geir.

Kva stand firehjulingen er i etter seks år i Litauen, er ei anna sak.

– Det veit eg ikkje noko om, så det blir spennande å sjå. Eg er uansett nøgd med at vi får han att, seier Geir Marstein.