«Hadde det ikkje vore for døkk, kunne eg stappa leikj'in mine ni baklumma», sa Sjugurd Garmo ein gong under ei samling i Lom spelmannslag.

Nå har Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde samla alt spelemannen og komponisten Sjugurd Garmo (1896-1991) har laga. Ei imponerande mengde av 50 slåttar er samla i eit notehefte.

– Vi ynskjer å heidre Sjugurd Garmo og musikken hans, seier Aslak Brimi. I tillegg gjev Brimi og Odde ut ein CD saman med Astrid Sulheim, der dei tre folkemusikarane spelar 15 slåttar etter Sjugurd Garmo.

I trekvart år har dei arbeidd med eit «Sjugurd-prosjekt». Trioen er av dei fremste folkemusikarane våre, ikkje berre i Lom - men heile landet.

– Eg føler vi har dokumentert ein spelemann på ein måte som ikkje er gjort før, seier Aslak Brimi. Han fortel at leikene til Sjugurd Garmo støtt har vore brukt av Lom spelmannslag.

Som kjelder for musikken har dei brukt private opptak og NRK-opptak med Sjugurd sjølv. Aslak fortel at Sjugurd på 1960-talet kjøpte seg bandopptakar og gjorde opptak av seg sjølv.

– Vi har skrive ned leiken slik vi ville spelt den, seier Brimi. Han fortel at Sjugurd Garmo henta inspirasjon og namn til leikene frå naturen rundt setra i Kleppdalen. Ti av leikene dei fann, var namnlause. Desse har fått nye namn i Garmo si ånd.

Onsdag 30. mars er det konsert i Utgard der CD og noteheftet «Atterljomen» blir lansert. Etter lanseringa i heimbygda skal dei tre ut på turné med ti konsertar. Dagen etter lanseringa i Lom ventar Riksscenen i Oslo. Vidare skal dei til Utne, Jostedal, Vik i Sogn, Bergen, Voss, Oppdal, Røros, Trondheim og folkemusikkveka i Ål i Hallingdal.

– Vi skal spreie «Sjugurd-musikken», seier Aslak Brimi.

Aslak Brimi med CD og noteheftet «Atterljomen». Foto: ARVE DANIELSEN