Båe vedtaka var samrøystes.

I både Lom og Skjåk vart det lagt til eit ekstra punkt i vedtaket: Det blir røysterett for 16-åringar. I Skjåk vart det òg teke inn eit punkt om økonomi, etter framlegg frå Bernt Joachim Dahl (Ap). Han argumenterte for at ein må få fram ei økonomisk konsekvensanalyse før folkemøta.

– Skjåk Ap vil at administrasjonen utgreier dei økonomiske konsekvensane ved at vi slår oss saman med Lom. Likeeins ynskjer vi ei økonomisk utgreiing i høve kva konsekvensane blir dersom vi held fram som ein kommune, altså utan å slå oss saman med Lom. Denne utgreiinga bør vera stutt og grei og forståeleg, slik at folk får med seg denne informasjonen før folkemøta, sa Dahl. Kommunestyret slutta seg samrøystes til tileggspunktet.

Ordførar Elias Sperstad fortalde kommunestyret at kommunereformprosessen mellom Lom og Skjåk så langt har vore ryddig og grei.

– Frykteleg grei, med mykje godt humør og ingen harde kampar. Heldigvis. Men det har vore ein omfattande prosess og mange møte. Det som truleg blir mest hengjande ved oss når det gjeld arbeidet framover, er dette med kraftavtala. Men nå er det fyrst høyringsprosessen. Denne vil bli eit viktig barometer. Det er viktig at vi får bygdefolket i tale, det er viktig at vi får nye innspel, viktig at informasjon når ut til innbyggjarane i båe bygder og viktig at vi får gjennomført folkemøte, sa han.

Høyringsfristen er sett til 11. april. Den 28. april er det lagt opp til felles kommunestyremøte. 2. mai blir det sendt ut informasjon til innbyggjarane, og den 22. mai er det lagt opp til folkerøysting. Den 23. juni skal det avgjerast: Da skal Lom og Skjåk ha kommunestyremøte same kveld, der dei skal seie ja eller nei til samanslåing. 1. juli skal staten ha svar.

I Lom vedtok kommunestyret framlegget til intensjonsavtale slik ho låg føre. Jarmund Øyen (Bygdalista) slo fast at ein må ta inn over seg at det er ynskje om ei samanslåing til ein kommune.

– Vi må finne dei beste løysingane innanfor denne kommunen, sa Øyen, som var redd ei kommunesamanslåing er ei tvangstrøye ein må gjera det beste ut av.

– Bygdalista har vore av den meining at det skulle vore ein kommune til i denne prosessen. Det er beklageleg at dei tre kommunane i Ottadalen ikkje er saman i eitt prosjekt, sa han.

Anne Lise Marstein (Ap) tok til orde for at saka handlar om moglegheit til å levere gode tenestetilbod og utvikle lomssamfunnet inn i framtida, noko ordførar Bjarne Eiolf Holø (Sp) sa seg samd i.

– Det er grunnleggjande viktig å finne dei beste løysingane for innbyggjarane og levere gode tenester. Eg er trygg på at Lom og Skjåk som ein kommune vil løyse dette, sa han.

Kommunestyret i Lom vedtok samrøystes å sende forslag til intensjonsavtale ut på høyring. Same vedtak vart gjort i Skjåk torsdag kveld. Foto: Arve Danielsen