Mellom klokka 1 og 1.30 natt til laurdag small det kraftig tre gonger i Bismo.

Statusar og kommentarar på Facebook fortel at dette ikkje vart sett særleg stor pris på ei sommarnatt. Enkelte trudde det var skot frå våpen og andre fortel at husdyr og kjæledyr vart skremde av smella.

Det er mykje som tyder på at einkvan hadde det «moro» med å sende opp rakettar.

Fyrverkeri høyrer helst ei anna årstid til, og det kan vera skummelt å drive med slike «strøk» ved turre furumoar.