Odd Arne Dahlen, Stig Berg, Pål Haugen og Rune Sandbo er fire elektrikarar som har gått saman og starta Blåhø Elektro AS.

Dei har etablert seg på Kolbotn industriområde på Lalm der dei leiger lokale hjå Jon Bjørkheim, med kontor og lagerplass.

Primært satsar dei i Nord-Gudbrandsdalen og ser på lokaliseringa på Lalm som midt i smørauga. Pål Haugen bur i Lom og kan såleis dekkje Lom og Skjåk.

Dei fire har alle sagt opp jobbane sine i Proel for å satse på eiga bedrift.