Oppland Røde Kors Hjelpekorps har hatt ei travel påske. Den travlaste på mange år. Det fortel distriktsrådleiar Rune Magnar Bjørkheim. Han har ansvaret for alle dei 29 hjelpekorpsa i fylket.

– Det har generelt vore svært stor utfart og auka aktivitet i fjellet, seier han.

Hjelpekorpsa i Oppland har til saman registrert 96 skader i påska. Dette er over 30 fleire enn i fjor da det var registrert 60 skader.

– Auke i aktivitet og auke i talet på skader heng som regel saman, seier Bjørkheim.

I tillegg har Oppland Røde Kors hatt 40 henteoppdrag og 6 redningsaksjonar i påska. Av dei 6 redningsaksjonane, har 4 av dei vore i Fjuken sitt nedslagsfelt, Ottadalen.

– I Ottadalen har vi også hatt sju henteoppdrag i påska, seier Rune Magnar Bjørkheim.

Distriktsrådleiaren fortel at det er hjelpekorpsa i Gudbrandsdalen som har hatt flest oppdrag. Valdres har også hatt ein auke i talet på oppdrag i påska, samanlikna med fjoråret.

– Sjølv om det har vore ei travel påske for oss, har heldigvis alle oppdrag vi har vore ute på enda godt, og det er viktigast, seier Bjørkheim.

Dei til saman 29 hjelpekorpsa i Oppland har over 400 friviljuge medlemar som har vore i aksjon i påska.

– Hjelpekorpsarane har gjort ein kjempejobb, og eg er svært nøgd med alle dei dyktige folka. Det at dei vel å brukar fritida si på å vere med å hjelpe til i fjellet set eg utruleg stor pris på. Dei fortener alle ein stor takk, seier distriktsrådleiar Rune Magnar Bjørkheim.