Etter mange års pause er Arne Brimi, Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Hjeltnes endeleg klare for nye turar på tv.
Den fyrste turen, til Hardanger, blir sendt på TV2 fyrstkomande sundag. Med seg har gutane sjølvaste Hennes Majestet Dronning Sonja.
«Gutta på tur» gjekk på TV2 i perioden 1995-2002, og var ein av kanalens fyrste store suksessar. Turgjengen fekk 800.000 tv-sjåarar til å benke seg framfor tv-skjermane, og dei har besøkt reisemål verda over, saman med ei lang rekkje kjende personar.
I vår vart det spelt inn fire nye episodar med «Gutta på tur», og som nemnt er det Dronning Sonja som er med på tur i den fyrste episoden.
I dei to påfølgjande episodane er det skikongane Petter Northug og Aksel Lund Svindal som blir med «Gutta på tur», til høvesvis Jotunheimen og Finnmark.
I den fjerde og siste episoden følgjer dei fire turkameratane kongekrabben sin ferd frå Finnmark til Hong Kong i Kina.
«Gutta på tur» blir sendt på TV2 sundagar klokka 20.00, med reprise på den same kanalen onsdagar.