Førre veke gjekk Lomsrussen 2018 på dørane i Lom for å samle inn pengar til årets kreftaksjon.

– Mange var førebudde med kontantar og vi fekk samla inn heile 72.000 kroner, fortel Astrid Myrhaug, ei av fire jenter i innsamlingskomiteen. Hjerteleg takk til alle som støtta aksjonen, seier Astrid.