Det er snøfritt og gode moglegheiter for fotturar i mange område.

– I media har det vore mykje fokus på store snømengder i fjellet. Derfor er mange overraska over at det faktisk er fine forhold for fotturar i mange fjellområde, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT), Nils Øveraas.

På Sota sæter i Breheimen kom sommaren for fullt denne helga.

– Nå blomstrar det rundt hytta. Snøen har smelta og det er moglegheiter for fine turar i nærområdet. I dag var det 18 grader på tunet her, seier Jorunn Svingen, vertinne på Sota sæter.

På Gjendesheim kunne gjestene oppleve Jotunheimen fjellfestival, ein heilt ny festival med guida turar og aktivitetar for alle.

– Det er flott at så mange innser at det er fullt mogleg å dra til fjells så tidleg på sommaren. Det har vore full rulle her med mange nøgde gjestar, seier Marius Haugaløkken.