Fylkesveg 51 Valdresflye er framleis stengt på grunn av uver og blir ikkje opna i dag.

På riksveg 15 over Strynefjellet var det tidlegare sundag kolonnekøyring, men vegen er nå opna for trafikk.

Der er det snø- og isdekke, fare for glatte parti og redusert sikt. Klokka 13:55 var det -2 grader, stiv kuling, skya og snø.

Elles på vegane i Ottadalen er det snø- og isdekke med fare for glatte parti. All grunn til å køyre forsiktig.