Gruppa, som veit å skape liv og røre - og ikkje minst dans, skal feirast både fredag og laurdag. Det er nemleg 30 år sidan gruppa spelte til dans fyrste gongen.

Fredag blir det konsert, bilde og video med Elias Sperstad som programleiar.

Laurdag er sjølve ballkvelden. Da håpar -stråndingein at Marlo grendahus blir stappfullt av danseglade ottadølar - og andre.