– Eg har fått med meg at somme har gått ut i avisene med det motsette, at det korkje er engasjement, framgang eller gode diskusjonar. Slik eg oppfattar det, er det heilt omvendt, seier Lundemo.

Som prosjektleiar har ho vore til stades på nesten alle møta i styringsgruppa.

– Styringsgruppa består av formannskapa i Lom og Skjåk, tilsetterepresentantar og ungdomsrepresentantar. Politikarane har diskutert tildels sensitive tema, men dei har kome vidare på kvart einaste møte, fortel Lundemo.

På siste møte i styringsgruppa, som gjekk føre seg tysdag ettermiddag, vart det lagt fram eit utkast til hovudrapport. I denne rapporten blir det sett på ulike sider ved samanslåing av Lom og Skjåk. I rapporten ligg òg tilrådingane frå dei seks arbeidsgruppene. Arbeidsgruppene har sett på næring, naturforvaltning, miljø, klima og kraft, arbeidsgjevarpolitikk og rekruttering, innovasjon og nyskaping, infrastruktur, oppvekst, barn og ungdom og helse og sosial.

– Kva kan du seie om resultatet av arbeidet så langt?

– Fyrst har eg lyst til å minne om at det er Stortinget som har bede kommunane utgreie minst eitt kommunesamanslåingsalternativ. Det ville seg slik at Lesja og Dovre ville utgreie saman, Vågå og Sel likeeins. Dermed sette Lom og Skjåk i gang sitt løp. Frå dag ein har alle synt fram stor vilje til å få fram ei felles utgreiing. Sjølvsagt vil det alltid vera interessekonfliktar, det skulle berre mangle, men diskusjonane har vore gode, etterretlege og fagleg relevante.  Lom og Skjåk er ganske like kommunar. Båe har gode tenestetilbod til innbyggjarane. Men vi slit med det same òg: Fråflytting, negativ folketalsutvikling og skeiv aldersfordeling. Dermed, ettersom vi er så like, vil vi ikkje få nokon gratiseffekt ved å slå oss saman. Vi må gjera andre ting, og det har styringsgruppa og arbeidsgruppene sett på, oppsummerer Eli Johanne Lundemo. Ho slår fast at både Lom og Skjåk er samde om at tenestetilbodet til innbyggjarane ikkje skal reduserast uansett om det blir slik eller slik.

– Fordi geografien er som han er, med så lange avstandar, vil vi ikkje få økonomiske gevinstar i særleg grad. Men saman blir vi sterkare fagleg og vi kan setje fleire ressursar inn i felles arbeid for felles mål, til dømes utvikling og næringsvekst.

Rapporten vil, så fort han er ferdig, bli gjort tilgjengeleg for innbyggjarane.

– Styringsgruppa ser på utgreiingsfasa som gjennomført. Nå må kommunane starte arbeidet med ei intensjonsavtale, dei må forhandle seg fram til konkrete løysingar innan tenestestruktur, lokalisering, sentrumsplassering, kva den eventuelt nye kommunen skal heite og vidare. Denne prosessen vil bli påverka av kommunevalet, og særleg vil dette vera tilfelle i Skjåk, der heile formannskapet, altså dagens politiske deltakarar i styringsgruppa, ikkje er på val, fortel Lundemo.

– På møtet tysdag foreslo styringsgruppa at dei sjølve skal halde fram som forhandlingsutval og at dei skal starte arbeide med ei intensjonsavtale, slik at prosessen ikkje blir bremsa. Det meiner eg seier sitt om innstillinga og engasjementet, rosar Lundemo.

Dei to kommunestyra vil bli orientert om stoda på fyrste møte. Deretter blir det folkemøte, slik at bygdafolket både får informasjon og får høve til å uttale seg. Styringsgruppa meiner det er viktig å ha noko konkret å leggje fram i desse møta.

– Styringsgruppa har diskutert om det skal haldast eitt stort møte i kvar kommune, eller fleire små, om ein skal vente med folkemøte til det ligg føre ei intensjonsavtale eller om ein skal vente til ein har eit konkret avtaleforslag. Dette skal styringsgruppa ta stilling til på neste møte, som etter planen skal gå føre seg 6. oktober, fortel Eli Johanne Lundemo.