Det er ein glad Geir Ove Melby som uttrykkjer seg slik etter nok ein vellukka Countryfestival i Skjåk.

– Alt gjekk slik vi håpa, det kan vel eigentleg ikkje bli betre. God stemning, ikkje noko spetakkel, sol og godt vêr og berre blide folk over alt, oppsummerer han.

– Kan du seie noko om besøkstalet?

– Eg har ikkje heilt oversikt så tidleg, men eg kan tippe at også besøkstalet vart cirka som i fjor.