Statens vegvesen har hatt ein gjennomgang av fartsgrenser langs riksveg 15 og fylkesveg 55 i Lom sentrum, og sett på moglegheita for å nytte fartsgrense 40 kilometer i timen på delar av strekningane.
Fleire av bebuarane i nærområdet har også vendt seg til Statens vegvesen og etterlyst tiltak i form av lågare fartsgrense.
Sett i høve til vegmiljø og talet på kryssingspunkt for gåande, har Statens vegvesen konkludert med at det vil vere rett å redusere fartsgrensa gjennom delar av Lom sentrum på riksveg 15 og fylkesveg 55 til 40 kilometer i timen, saman med tilhøyrande fartsreduserande tiltak som fartshumpar og opphøgde gangfelt.
Nå har seksjon for plan og trafikk i Statens vegvesen vendt seg til Lom kommune med forslaget. Statens vegvesen ber om ei uttale frå Lom kommune så snart som mogleg, og innan 16. november.
Statens vegvesen gjer merksam på at dersom det ikkje kjem innspel frå Lom kommune innan fristen, så vil vedtak bli fatta i høve til forslaget frå vegvesenet.