Ei røyst var blank. Det var Aud Hove (Sp) som la fram forslaget som vann fram.

Tor Jevnheim (Ap), Edel Kveen (Sp) og Øyvind Tengesdal (Bygdalista) fremja forslag i tråd med rådmannen si innstilling, det vil seie å takke ja til 26 flyktningar. Odd Joar Ramstad (Ap) foreslo å halde fast ved formannskapet sitt framlegg, med andre ord gjeldande vedtak om fem flyktningar i 2015, pluss familiegjenforeiningar og at saka skal opp til ny vurdering i 2016. Det vart fyrst røysta over dette framlegget, som vart nedstemt med 11 mot 10 røyster.

Aud Hove la fram ei lang rekkje føresetnader for å ta imot fleire flyktningar:

* Det må sikrast ekstra midlar til kommunane for å gjennomføre busettinga.

* Det må leggjast til rette for ordningar med vennefamiliar for flyktningar for å sikre ei god integrering, spesielt for einslege mindreårige.

* Det kom må kome ei statleg ordning med statleg finansiering for å arbeide aktivt for arbeidskvalifisering og arbeidsmarknadstiltak der NAV, næringslivet i regionen, fylkeskommunen og karrieresenteret deltek saman med kommunane.

* Det må sikrast fullfinansiering av bustader til flyktningar gjennom Husbanken sine ordningar med bustadtilskot og bustøtte.

* Auka tilskot til bygging av kommunale bustader.

* Auka statlege støtte i høve dei særlege utfordringane kommunane i regionen har i busetting og integrasjonsarbeidet.

Kommunestyret ber rådmannen leggje fram ei sak for kommunestyret i juni om organisering av flyktningtenesta, der konsekvensen av ein auke i talet på flyktningar blir inkludert.