Kulturprisen for Vågå blir for 2017 gjeve til Vågå Trekkspelklubb.

Jury for tildelinga er Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg.

I grunngjevinga er blant anna dette lagt til grunn:

  • Vågå Trekkspelklubb vart stifta i 1976 og har sidan vore eit aktivum i musikklivet i Vågå

  • Vågå Trekkspelklubb har gjort eit stort rekrutteringsarbeid

  • Arrangert Vågåtreffen gjennom 40 år som har samla store mengder av enkeltspelmenn og grupper i Vågå kvart år.

  • Profilert Vågå på ein positiv måte gjennom alle år

  • Flinke stille opp på arrangement både i og utanfor bygda

  • Flinke til å gje småkonsertar der det trengs underhaldning, ikkje minst på Vågåheimen

  • Gjeve ut CD-ar, seinast i samband med 35-årsjubileet i 2011

Utdeling av kulturprisen vil skje ved under eit arrangement hausten 2018.