Det vart heldigvis udramatisk da eit hjul gjekk varmt på ein semitrailer vest for Bismo. Foto: Ola Ø. Rossehaug

– Det er andre gong på 14 dagar at eg opplever dette, men da på ein annan bil, sa sjåføren til Fjuken.

Semitraileren er godt av riksveg 15 og trafikken går som normalt.

På austsida av Skamsarbrua er trafikken elles ljosregulert på grunn av arbeidet med flomvollen rundt Bismo.