Heilt sidan Ivar Vassdokken var ni år, har reinen betydd mykje for han. Årevis var han med og gjekk med leibukken under flyttinga av reinen til Heimfjellet. Her frå Valdesetrene ved Lemonsjøen i 1996. Foto: Privat

– Det vart ei sjuke å vere med reinen

Da den fyrste reinflokken til Vågå tamrein passerte Randsverk i april 1943, sat ein liten gut innafor vindauget og følgde spent med. Interessa for rein vart vekt hjå Ivar Vassdokken. Årevis var han med og gjekk med leibukken under flyttinga av reinen til Heimfjellet.