– Kontroll av dekk og bremser på tunge køyretøy er viktig for å få utrygge vogntog bort frå vintervegane, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

Statens vegvesens eigne oversyn viser at dei avdekker fleire feil på vogntog i kontrollar nå enn tidlegare. Over halvparten, 52,7 prosent, av dei kontrollerte tunge køyretøya i 2022 hadde feil på bremser, viser tal fra rapporten Trafikksikkerhetsutviklingen 2022. Kontrollane av tunge køyretøy er viktig for trafikktryggleiken.

– Vi støttar det målretta arbeidet med å stanse dei utrygge vogntoga. Statens vegvesen må trappe opp kontrollverksemda nå om vinteren. Da er dei ekstra viktige. Det er ein høg del tungbilar som blir stoppa som får bruksforbud. Det betyr at det er alvorlege manglar som blir funne, seier Handagard.

Glatte vintervegar er meir krevjande for sjåførar både av tunge og lette køyretøy. I tillegg til den klare oppfordringa om å halde trykket oppe på vinterkontrollar av tunge køyretøy, har NAF ein beskjed til bilistane.

– Ulykkestala så langt i år har vore høge, og vi er i ferd med å passere talet på omkomne i trafikken frå i fjor. Nå gjeld det å samlast om å snu trenden, og her har vi alle eit ansvar. Snø og glatte vegar krev at du avpassar farten og held ekstra avstand, understrekar Handgaard.

(Pressemelding)